Må berre få fortelje dette før eg legg meg i kveld…:
I går og i dag var Professor De Meirleir her i Ålesund!! Joy og eg var ansvarlege her, og fekk tak i masse pasientar. Eg skriv ikkje dette for å skryte av oss sjølve, men det er berre heilt utrulig fantastisk at vi har fått dette til! Hadde vore heilt utenkelig (helsemessig) før behandlinga vår hos De Meirleir! Vi var endåtil assistentane hans, ilag med ein norsk sjukepleiar!! Veldig travelt, spennande og lærerikt, og De Meirleir var hyggelig og veldig grei å samarbeide med, og gav oss og pasientane våre mykje ny kunnskap! Han er eit geni!! Det er ei utrulig utvikling i forskninga hans siste månaden, og det er berre å glede seg: Snart blir det store nyheter!! Eg kan ikkje seie meir 😉
PS. Søndag 10. mai hadde eg konfirmant…;-)