Årskavalkade

Dette er ei oppsummering av “Joy og Sun sine stunt” så langt…
Kanskje noken lurer på korleis fortsettelsen på eventyret blei..?

KDM kom til Ålesund fredag 20.november om kvelden, og sjukepl.Jan frå Himmunitas var med han.    Veldig kjekt at han også kunne vere med!
Laurdagen blei hektisk (som vanlig) med pasientar, både nye og “gamle”.Joy og eg hadde laga til opplegget denne gongen og, og var assistentar. Joy fekk lære av Jan å ta fruktosetestar, så no kan ho det 🙂

Då pasientane hadde reist heim att, fekk vi tid til å ete og slappe av. Så då gjekk vi ut og åt ilag. Vi prata mykje, og fekk vite mykje. Ny kunnskap ang ME for oss er som “godteri” 🙂     Vi spurde og fekk gode svar. Vi var som “trekkpapir”. Veret var veldig fint den kvelden, så då spaserte vi i byen en times tid.
– Og dette var etter en hard arbeidsdag, og med masse forberedelsar dagane før…
Søndag morgon var det tidleg opp igjen, og fleire pasientar.
Før vi køyrde til flyplassen igjen,køyrde vi opp til Fjellstua der utsikta er utruleg bra!
Heldigvis vart dette også eit vellykka og veldig kjekt “stunt” 🙂

Sun og Joy med utrulig stunt!


(mai 15, 2009)

(Vi hadde også “stunt nr.2..innsamling av avføringsprøver i tre omganger…)

KDM, Joy og Sun med stunt igjen…


(august 20, 2009)

This entry was posted in ME-behandling. Bookmark the permalink.
blog comments powered by Disqus