Professor De Meirleir er egentlig ikkje så opptatt av å snakke om “ME or not ME-that is the question”.Han er mest opptatt av å høyre sjukehistoria di, spørje deg spørsmål, og så finne ut kva slags testar han bør ta på deg. Når han får att prøvene 5 veker etterpå, les han prøvene som ei opa bok, og forklarer deg at den prøva der bekreftar den prøva der=dei bekreftar kvarandre, altså er det rett. Då blir han ivrig og kan fortelje deg kva han har funne, men først av alt kan han seie med ganske stor sikkerheit kor stor sjansane er for at du kan bli FRISK att!!
Men det var veldig greit å få bekrefta ME-diagnosa av Professor De Meirleir, for det klarde han med meg, sjølv om eg har berre litt forhøya RNAse-L.
Han klarde å finne ut mange ting i immunsystemet mitt som var feil, eg fekk det svart på kvitt. I papira eg fekk skreiv han også opp alle ME-symptoma eg har, og bekrefta kriteria for CFS/ME konkret i tillegg. Veldig systematisk og oversiktleg. Han laga epikrise til fastlegen min.
Veldig greit!
No skal eg på 3mndrs-kontroll hos KDM, har time mandag formiddag. Blir spennande!
Skal sikkert ta nye blodprøver for å sjå forandringar på dei tinga som var unormalt sist.
Blir spennande å høyre kva han seier!
Eg er så utruleg glad for at eg reiste til KDM og fekk hjelp 🙂
Mvh Sun